Tilbake til alle arrangementer

To be seen or to be looked at?


  • Ulstein Kunstlag 4 Bjørndalvegen Ulsteinvik, Møre og Romsdal, 6065 Norway (kart)

Utprøving i Mottaket, Ålesund 2025

To be seen or to be looked at?

Laurdag 17. oktober kl. 13.00 opnar vi utstilling med Monica Vermeer på Bjørndals Minne.

Dette prosjektet handlar om å bli sett eller bli stirra på. Vi ønskjer alle å bli sett og tyr ofte til sosiale medium for å rope etter merksemd. Vi tel «likes» og ser det som ein målestokk på i kva grad vi har blitt sett – eller berre stirra på. Samstundes kjenner mange seg meir einsame enn før, og opplever at dei ikkje blir sett. 

 
 
 

I oktober kjem det ei ny utstilling med Monica Vermeer i Ulstein kunstlag. Sist ho stilte ut hos oss, var i 2013. Den nye utstillinga har tittelen «To be seen or to be looked at» og utforskar det å sjå, det å kikke og korleis vi oppfattar det vi ser. Utstillinga vidarefører tema frå The Gaze, men set dei inn i vår samtid. I ei verd der det visuelle tek stadig større plass, til dømes i sosiale medium, blir måten vi ser på og medvitet rundt dette, stadig viktigare. Kva ser vi? Blir vi sett? Kjenner vi oss observerte? Kva følgjer får blikket vårt? Er det vi ser ekte?

På ulike måtar og i ulike materialar blir desse spørsmåla belyste i utstillinga. I ein hengande installasjon er det umogleg å unngå blikket. Oljemåleria leikar med temaet på ulike måtar, medan arbeida i garva fiskeskinn utfordrar måten vi ser og tolkar på.

 
 
 
 
 
 
 



OPNINGSTIDER
Laurdag 17. oktober 13-17
Søndag 18. oktober 13-17
Torsdag 22. oktober 17-19
Laurdag 24. oktober 13-17
Søndag 25. oktober 13-17
Torsdag 29. oktober 17-19
Laurdag 31. oktober 13-17
Søndag 1. november 13-17

GRATIS INNGANG


Velkomen til ei tankevekkande utstilling!

 
Forrige
Forrige
16. mars

Årsmøte