Personvernerklæring
Eigar av denne nettsida er:
Ulstein Kunstlag
Org. nr.: 912 848 655
Føremålet med vår handsaming av personopplysningar
I samband med medlemslister og sal av kunst må vi innhente opplysningar som namn, adresse og anna nødvendig informasjon. Dette er informasjon vi utelukkande nyttar for å handtere ditt medlemskap eller kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge du er medlem eller kjøper kunst av kunstlaget. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg.
Utlevering av personopplysningar til tredjepart
Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege styresmakter.
Informasjonskapslar
Ulstein Kunstlag nyttar informasjonskapslar, også kalla cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Cookies gir oss kunnskap som vi nyttar til å gi deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Du kan velje innstillingar for informasjonskapslar i cookie-banneret på nettsida vår.
Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida
Eigar: Squarespace
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande brukar nettsida. Vi nyttar denne informasjonen for å gjere nettsida betre. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal på besøkande på nettsida, kvar dei kjem i frå og kva sider dei besøker.
Kontaktskjema
Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i medlemslista vår. Denne lista er tilgjengeleg for styret i Ulstein Kunstlag og dei som sit vakt på utstillingar.
Innsyn, retting og sletting
Etter personopplysningslova har den enkelte krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om ein sjølv. Innsyn kan ein få ved å vende seg til ulsteinkunstlag@gmail.com. Dersom registrerte opplysningar er feil, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan du krevje dette i henhold til personopplysningslova.
Ansvarleg databehandlar
Styreleiar i Ulstein Kunstlag er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkomande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi søkjer til ei kvar tid å følge gjeldande regelverk for personvern. Har du spørsmål, ta kontakt på ulsteinkunstlag@gmail.com.