Bli med i Ulstein Kunstlag
Du få 5 % rabatt på kunstkjøp gjort gjennom kunstlaget
Du blir med i den årlege trekninga av eit kunstverk på årsmøtet
Du blir invitert på utstillingsopningar og andre arrangement i regi av kunstlaget
Du støttar arbeidet for kunsten i distrikta *
Du kan melde deg inn i kunstlaget ved å sende inn skjemaet på denne sida og betaler kontingent til kontonummer 4137.07.10196 eller vippsar til #525250 (merk betalinga med namn). Du vil i etterkant få ein mail som stadfestar medlemskapet, det er derfor viktig at e-postadressa di er korrekt.
Aldersgrense for å melde seg inn er 18 år.
Årskontingent per person er kr 250,-
Årskontingent per familie er kr 400,-
Familie = fleire personar over 18 år på same adresse.
Du betaler berre medlemskontingenten – elles er medlemskapet utan forpliktelsar.
* Alt arbeidet i Ulstein Kunstlag er frivillig og basert på dugnad. Målet vårt er å fremje interessa for- og formidle kunnskap om samtidskunst og kunsten sin plass i samfunnet. Kunstlaget skal også arbeide for å fremje lokale kunstnarar.
Vil du vere utstillingsvakt?
Kunstlaget treng folk som kan tenkje seg å vere vakt når vi arrangerer utstillingar på Bjørndals Minne. Det er ei triveleg og sosial oppgåve – du møter folk, får sjå utstillingane på nært hald og støttar samtidig arbeidet for kunsten i distriktet vårt.
Har du lyst til å bidra?
Som vakt får du 10 % avslag på kunstkjøp gjort gjennom kunstlaget. For å vere vakt må du vere medlem.

