Tilbake til alle arrangementer

Utstilling med Lea Myrene Aurvåg og Arnljot Myrene


  • Ulstein Kunstlag 4 Bjørndalvegen Ulsteinvik, Møre og Romsdal, 6065 Norway (kart)
 
 

morfar og eg

Opnar laurdag 20. september kl. 13.00 på Bjørndals Minne

morfar
ARNLJOT MYRENE

Etter uteksaminering frå Bergenholz dekorationsfagskole i København i 1969, starta Arnljot Myrene i 1974 designbyrået Tegneren. Parallelt med sitt offentlege, kreative arbeid med grafisk design har han òg produsert ei meir privat samling biletkunst. Med olje- og akrylmåling på lerret har han skildra landskap både i nær- og fjernmiljø, i ein palett som syner ei meisterleg handtering av fargar og form. Trass i at han sjeldan har stilt ut, har fleire av Arnljot Myrene sine verk likevel funne vegen ut av atelieret, og enkelte av dei er å finne på veggar i lokala som husar Tegneren i Ulsteinvik.

eg
LEA MYRENE AURVÅG

I fotspora til morfar Arnljot har òg Lea Myrene Aurvåg tatt til seg kunsten. Oppvaksen i ei familie som verdset og oppmuntrar til kreativitet, har ho allereie frå tidleg alder opplevd å bli teken på alvor i det kreative arbeidet. Med utdanningsbakgrunn innan kunst og grafisk design har ho dei siste fire åra jobba med kunst i eit kryssingspunkt mellom digitalt og analogt. Fleire av verka som no blir å finne på Bjørndals Minne, er laga med denne blandingsteknikken, men denne utstillinga vitnar òg om eit ønske om å returnere til målinga og det fysiske mediet. I kontrast til Arnljot Myrene sine jordnære og sjelfulle landskap, er fokuset til Lea Myrene Aurvåg i hovudsak retta mot mennesket. Mellom stødige fjell og abstraherte kroppar, dannar fargane ein fellesnemnar som vever vidt forskjellige verk saman til noko nytt og større enn dei kunne vore kvar for seg.

Velkomen til ei spanande utstilling!

 
Forrige
Forrige
25. april

Utstilling med Kristine Hareide