Laurdag 17. oktober kl. 13.00 opnar vi ei spanande utstilling med Monica Vermeer på Bjørndals Minne. Prosjektet «To be seen or to be looked at?» handlar om å bli sett eller bli stirra på. Vi ønskjer alle å bli sett og tyr ofte til sosiale medium for å rope etter merksemd. Vi tel «likes» og ser det som ein målestokk på i kva grad vi har blitt sett – eller berre stirra på. Samstundes kjenner mange seg meir einsame enn før, og opplever at dei ikkje blir sett.
Sjå meir om utstillinga her.
OPNINGSTIDER
Laurdag 17. oktober 13-17
Søndag 18. oktober 13-17
Torsdag 22. oktober 17-19
Laurdag 24. oktober 13-17
Søndag 25. oktober 13-17
Torsdag 29. oktober 17-19
Laurdag 31. oktober 13-17
Søndag 1. november 13-17
GRATIS INNGANG

