Bli med i Ulstein Kunstlag

Kunstlaget er basert på frivillig arbeid og er avhengig av medlemskontingentar og eit kunstinteressert lokalsamfunn.

Ønskjer du å støtte oss? Les om rabattar på kunstkjøp, og meld deg inn her.

Bli medlem


Tidlegare arrangement


Kvart år arrangerer vi to til fire utstillingar, med både lokale og nasjonale utstillarar. Av og til arrangerer vi også foredrag, eller inviterer til kino, med kunstfaglege tema. Ulstein Kunstlag leiger lokale i Bjørndals Minne i Ulsteinvik.

Utstillingar

Arrangement

 

Kunstsamling

Ulstein kunstlag har gjennom åra opparbeida seg ei samling bilete. Desse bileta låner vi ut til bedrifter i kommuna og per i dag kan ein sjå bileta våre på mellom anna Ulstein kompetansesenter, Ulstein vidaregåande skule, Hasund skule og Sunnmøre Folkehøgskule. Vi held også på å dokumentere og digitalisere bileta slik vi kan vise samlinga på denne sida.


 

Formidling

Ulstein Kunstlag ønskjer å gi born og unge møte med kunst og skaparglede. Gjennom samarbeid med skular og kulturskulen legg vi til rette for omvisingar og samtalar der elevane får oppleve kunst på nært hald. Målet er å styrkje forståinga for kunst som uttrykksform, skape nysgjerrigheit og inspirere til eigen skapande aktivitet.

Ved å melde deg inn i kunstlaget støttar du dette viktige arbeidet.


 

Styret

Ulstein Kunstlag er ei foreining basert på frivillig arbeid og styret arbeider for å fremje interessa for - og formidle kunnskap om kunst og kunst sin plass i samfunnet.

 

Ulstein Kunstlag

Vi skal fremje interessa for, og formidle kunnskap om, samtidskunst og kunsten sin plass i samfunnet. Kunstlaget vil også arbeide for å fremje lokale kunstnarar.