morfar og eg
I september opnar Ulstein Kunstlag utstillinga «morfar og eg» med Lea Myrene Aurvåg og Arnljot Myrene.
Arnljot er grunnleggaren av designbyrået Tegneren i Ulsteinvik, og har bakgrunn frå Bergenholz dekorationsfagskole i København. Lea studerer kulturvitenskap i Bergen og har elles to år ved Ytre kunstfagskole i Ålesund og to år med grafisk design frå Kristiania i Bergen med seg i ryggsekken. I denne utstillinga har Lea late seg inspirere av morfar, Arnljot, sine bilde. Mellom stødige fjell og abstraherte kroppar, dannar fargane ein fellesnemnar som vever vidt forskjellige verk saman til noko nytt og større enn dei kunne vore kvar for seg. Sjå meir om utstillinga her.
OPNINGSTIDER
La 20. sept 13-17
Sø 21. sept 13-17
On 24. sept 17-19
To 25. sept 17-19
Fr 26. sept 17-19
La 27. sept 13-17
Sø 28. sept 13-17